top of page
Search

Stord Padelklubb gjennomførte vellykka årsmøte

  • post9890
  • Mar 17
  • 1 min read
ree

Onsdag 12. mars 2025 gjennomførte Stord Padelklubb sitt årsmøte med godt oppmøte og stort engasjement. Det var fleire viktige saker på agendaen, og klubben kan sjå tilbake på eit innhaldsrikt år med vekst og stor aktivitet.


Viktige vedtak

Blant dei viktigaste sakene som vart handsama var godkjenning av årsmeldinga for 2024, fastsetjing av medlemskontingenten for 2025 og vedtak av klubbens budsjett og årsplan for det kommande året. Det vart vedteke å gi styret mandat til å finne ei løysing for familie og junior kontigent, i tillegg til at klubben siktar mot å stille med minst eitt damelag i Lag-NM 2025.


Nytt styre

Under valet av nytt styre vart følgjande personar innstilt og samrøystes vedteke:

  • Leiar: Sindre Aalvik

  • Nestleiar: Patrick Stensletten

  • Styremedlem: Veronika Folgerø-Holm

  • Varamedlem: Chris-Andre Elvik


Sosialt og engasjerande

Før møtet vart det servert pizza og brus til dei frammøtte, noko som la til rette for ein hyggeleg og uformell start. Etter at dei formelle sakene var gjennomgått, vart kvelden avrunda med biljard, gode diskusjonar om tidlegare og kommande padelkampar, både lokalt og internasjonalt.

Stord Padelklubb takkar alle som deltok og ser fram til eit nytt år med spanande aktivitetar og vidare utvikling for klubben!

 
 
bottom of page