top of page

OM OSS

Stord Padelklubb blei stifta i 2021 av ei gruppe padelentusiaster med ein felles visjon om å fremma sporten på Stord. Petter Skimmeland var klubbens første leiar og hadde med seg eit engasjert styre som la grunnlaget for klubbens utvikling.

Allereie i løpet av 2021 hadde klubben kommet godt i gong, og medlemsmassa begynte å vokse.

 

Gjennom målretta arbeid har klubben fortsatt å vokse. I 2023 overlot Petter stafettpinnen til Sindre Aalvik, som saman med eit aktivt og kompetent styre har videreført arbeidet og oppnådd store resultater.

 

I dag teller klubben over 90 aktive medlemmar og er ein tydeleg aktør i norsk padelmiljø. Stord Padelklubb gjør seg bemerka gjennom våre medlemmar, som reiser rundt i heile Norge og representerer klubben som gode ambassadørar for sporten.

 

Sportslege høgdepunkter

Me har opplevd fleire sportslege høydepunkter dei siste åra, blant annet:

- Sindre Aalvik og Marius Nitter: Seier i NPT250 i Bergen.
- John Halldor Myklevold og Kjetil Ragde: Klubben sin første offisielle tittel med seier i NPT50 på Sotra.
- Erlend Grov og Marius Nitter: 8-dels finale i NM 2024, som plasserte dei blant dei 16 beste para i Norge.

- I 2024 kommer Marius Nitter, Erlend Grov, Isak Grov og Simen Grov seg innanfor topp 100 og topp 50 på den norske rankinga.

 

Fokus på det sosiale og vekst

Sjølv om me har spelarar som konkurrerer på høgt nivå, er det det sosiale fellesskapet og arbeidet for å utvikla sporten som står i sentrum for oss. Me brenner for å skapa eit inkluderande miljø der både unge og vaksne kan delta, og for å bidra til at padel vokser som idrett.

 

Me er stolte av det me har oppnådd sidan oppstarten og ser frem til å fortsette vår reise, både på og utanfor banen. Saman skaper me idrettsglede og utviklar denne fantastiske sporten!

IMG_5816.jpeg

STYRE og verv 2026

Styret i Stord Padelklubb jobbar for å auke interessa for padel på Stord og i Sunnhordland, slik at alle som ønskjer det har moglegheit til å delta.

Me legger vekt på det sosiale og vennskapelige i bredda, samtidig som me støttar og tilrettelegger for dei som ønskjer å satse mot elita.

Vårt mål er å skapa eit inkluderande og engasjerande padelmiljø for alle.
 

bottom of page