top of page
Search

velkommen til nytt styre 2026!

  • Mar 6
  • 1 min read


Nytt styre i Stord Padelklubb


Stord Padelklubb er i sterk vekst, med fleire medlemmer enn nokon gong og stadig meir aktivitet på banene. For å møte utviklinga riggar klubben seg no for vegen vidare med eit nytt og utvida styre.


Først vil vi rette ein stor takk til Sindre Aalvik for to å med solid innsats som styreleiar i klubben.

Sindre har vore ei viktig drivkraft i utviklinga av padelmiljøet på Stord. Heldigvis blir han framleis med vidare som varamedlem, saman med Chris Andre Elvik, som også held fram i vararolla.


Stafettpinnen går no vidare til Patrick Stensletten som tek over rolla som styreleiar i Stord Padelklubb. Han har vore med oss i styret dei to siste år, først som varamedlem og hadde i 2025 rolla som nestleiar. Klubben er svært glade for at Patrick takka ja til rolla, og vi er trygge på at klubben er i solide hender vidare. Med Patrick i spissen - saman med resten av styret - ligg alt til rette for å halde fram den fantastiske utviklinga klubben har hatt dei siste åra.


Med rekordstor aktivitet og stadig fleire medlemmer tek klubben også organisatoriske grep.

Styret blir difor utvida frå 3 faste medlemmer + vara til 5 faste medlemmer og 2 varamedlemmer.


Vi er glade for å ønskje resten av det nye styret velkommen:

  • Tonje Sydnes Salomonsen

  • Emil Sætre

  • Lars Gunnar Moss

  • Ajnur Smakiqi


Vi gler oss til å jobbe vidare for å utvikle Stord Padelklubb - både på og utanfor banen - og styret vil starte umiddelbart på arbeidet.

Framtida ser framleis lys ut for padel på Stord!


 
 
bottom of page